Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > Prosjekt om berekraftig mat

Prosjekt om berekraftig mat

Det omfattande prosjektet er utarbeidd av lærarar/tilsette ved restaurant- og matfag, NORSØK og Matvalget.

Sylta løk, ein av bestanddelane i det berekraftige taco-måltidet. (Foto: Marianne Følsvik)

Slagordet er "Mat for framtida - vi dekker til fest".

Kva vi vel å ete, er viktig; ikkje berre for deg og helsa di - men også for miljøet, for jorda og for framtida.

Berekraftig utvikling inneber at vi skal dekkje behova til alle som lever i dag, men at dette må skje utan at vi øydelegg for dei som kjem etter oss. Det betyr at matproduksjonen må foregå på ein måte som ikkje skadar naturen.

Dette har dei tilsette på restaurant- og matfag ved skulen tatt på alvor. Lærarar og elevar er m.a. ute på ungdomsskular for å skape interesse og merksemd rundt temaet blant yngre elevar. 

Ein lagar såkalla berekraftig taco, der ingrediensar og tilberedning har ein annan tilnærmingsmåte enn den meir vanlege.

Opplegget har følgjande element:

1. Lage mat frå botnen av

2. Bruk meir grønnsaker, belgvekster og korn

3. Tenk sesong

4. Gjer bevisste val av kjøtt og sjømat

5. Reduser matsvinnet

6. Bruk meir økologisk

Det handlar om vår felles framtid, og handling må følgje tanke - til inspirasjon for andre også?