Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > Plastprosjekt ved skulen

Plastprosjekt ved skulen

Kreative fag-linjene har hatt kunstprosjekt om plast og forsøpling av kloden.

Foto: Pippip Ferner

Det heile starta som eit kunstprosjekt i samarbeid med Asker-kunstnaren Pippip Ferner. Ferner har gjennom eigne kunstprosjekt dei siste par åra brukt mykje tid og energi på å setje søkjelys på marin forsøpling.

Skulen ønsker gjennom dette prosjektet å bevisstgjere oss alle på korleis plast og forsøpling i havet påverkar alt liv på kloden. Elevane hadde på førehand sett filmar og reportasjar om temaet, mellom anna filmen "Plasthvalen" - om gåsenebbkvalen som stranda utanfor Sotra. Det viste seg etter kvart at magen til kvalen var full av plast.  

Elevane har sjølve samla inn all plasten, og i løpet av workshopen mandag 23. oktober fekk dei velge kva slags uttrykk dei ville lage. Resultatet vart svært mykje forskjellig; skulpturar, klede, hårfrisyrer, stop-motionfilmar, reportasjar og foto - alt produsert i løpet av fire timar. Ein imponerande innsats!

Bygg 3 er staden for å sjå på utstillinga.