Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > Kulturtorget 2020

Kulturtorget 2020

Det var igjen duka for kulturelle dagar på Seilet i Molde.

Forestillinga "Isbjørnpappaen" er ein klar kandidat til neste års opplevingar. (Foto: Marianne Følsvik)

Kristiansund videregående skole er, på lik linje med alle andre skular i fylkeskommunen, med i Kultursekken (Den kulturelle skolesekken). Denne ordninga er eit lavterskel kulturtilbod for elevar, innanfor ramma av skulekvardagen.

Det årlege Kulturtorget i Molde viser fram neste års moglege kulturelle opplevingar for skulane, ved at ulike framsyningar blir presenterte slik at ein kan velje ut dei mest aktuelle.

Kulturkontakten og to representantar frå elevrådet hadde iallfall ein innhaldsrik og givande dag i så måte!

Glimt frå opphaldet kjem her (alle foto; Marianne Følsvik):