Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > Kan du gå, sykle eller sitte på med nokon til skolen?

Kan du gå, sykle eller sitte på med nokon til skolen?

Utdanningsavdelinga med viktig oppfordring:

Mange føler seg utrygge når bussane blir veldig fulle. Dersom alle som kan, går, syklar eller køyrer privatbil, blir det betre på bussen for dei som ta buss.

Vi har heldigvis veldig lave smittetal for COVID-19 i Møre og Romsdal. Dette gjer at det på FRAM sine bussar er tillate å bruke alle setene unntatt første rad og at ein kan stå i bussen. Nyleg blei det og opna for påstiging via framdør. Men rundt skolestart og skoleslutt har FRAM ei utfordring med at bussane blir altfor fulle, og har ikkje fleire bussar å sette inn.

Bor du så nært skolen at du kan gå eller sykle, ber vi om at du ikkje tar buss til og frå skolen - men tar sykkelen eller beina fatt. Bor du lenger unna, kan du kanskje sitte på med nokon som køyrer?

Hugs at myndigheitene ber deg om ikkje å reise kollektivt viss du ikkje må.

Hjelp oss å holde bussen trygg!