Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > Inspirerande (mat)fagdagar

Inspirerande (mat)fagdagar

Kompetansenettverket for lokalmat i Møre og Romsdal hadde fagdagar i Kristiansund 14.-15. februar.

Lokal mat og formidling. (Foto: Marianne Følsvik)

Det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Matnavet på Mære, Innovasjon Norge og Møre samt hoppid som arrangerer Mrmat.

Restaurant- og matfag var naturlege deltakarar, og elevane var inviterte til å delta på diverse kurs saman med både lokale produsentar og ulike serveringsstadar.

På kjøkkenet i Braatthallen gjekk det føre seg under den kreative kokkeverkstaden - med bruk av ville vekster, tang og tare (ved Nils-Henning Nesje og Ane Willmann). Det var også eit kurs i fermentering, som er ein eldre foredlingsteknikk av råvarer (Line Hofstad).

Bygg 6 var staden for brødbaking; surdeigsbrød på gamlemåten (Torgunn Hernes Bjerkem og Cecilie Røli) og ysting av støls- og tradisjonsprodukter. Osteprodusent Stein Brubæk frå Gjemnes var kurshaldar på sistnevnte.

Dette pågjekk i parallelle seksjonar, med stor aktivitet og mykje lærdom.

Sjå glimt frå dagane i bileta under (alle foto; Marianne Følsvik):

mrmat2

mrmat3

mrmat9

mrmat4 

mrmat7

mrmat8

mrmat5

mrmat6

mrmat6