Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > Elevundersøkinga 2019

Elevundersøkinga 2019

Skulen gjennomfører i år Elevundersøkinga før 15. november.

Kva er føremålet med Elevundersøkinga?

Elevundersøkinga gir deg høve til å seie kva du meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukt av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forsking, og forskarar kan få utlevert rådata frå undersøkinga. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på nettsida skoleporten.udir.no

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Elevundersøkinga kan gjennomførast både vår og haust. For deg som elev er det frivillig å svare på Elevundersøkinga. Du kan starte ei undersøking, og hoppe over spørsmål du ikkje ønskjer å svare på.

Behandlingsansvar og personvern

Når du svarer på spørsmål i Elevundersøkinga, blir det lagra opplysningar om deg. Dette blir kalla personopplysningar. Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for at personopplysningane dine blir behandla riktig og etter gjeldande personvernregelverk. Conexus driftar det tekniske i undersøkinga på vegner av Utdanningsdirektoratet, og dei må følgje same regelverk om personopplysningar.

Du oppgir ikkje namnet ditt, og det er heller ikkje knytt personnummer til svara dine i Elevundersøkinga. Når undersøkinga er avslutta, blir samanhengen mellom påloggingskoden du har fått og sjølve svaret ditt broten. Difor er det svært vanskeleg å finne ut kven som har svart kva i undersøkinga. I nokre svært få tilfelle kan det likevel vere ein teoretisk mogelegheit for at nokon kan kjenne att kven som har svart kva (indirekte identifisering), for eksempel ved små skular der nokon har bakgrunnskunnskap om dei som har svart. Difor har vi svært strenge reglar for å vise resultat frå undersøkingane – det gjeld for skulane, skuleeigarane og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Det er lagt inn egne reglar (prikkereglar) for å skjule resultat og dermed redusere faren for at nokon indirekte kan kjenne att kven som har svart kva. Data frå undersøkinga blir aldri publiserte offentleg på ein måte som gjer det mogeleg å kjenne att svara dine.

I dei tilfella der vi gir ut data til forskarar, må dei følgje reglane til Utdanningsdirektoratet for behandling av data og teieplikt, og dei må skrive under på ei teieplikterklæring.

Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i Elevundersøkinga er personvernforordninga (GDPR) art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav g, der det supplerande nasjonale rettslege grunnlaget er forskrift til opplæringslova § 2-3 og forskrift til friskulelova § 2-3.

Har du spørsmål?

Dersom du ønskjer meir informasjon, kan du kontakte skulen din. Du finn også mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser. Dersom du har spørsmål om personvernet i undersøkinga, kan du rette desse til personvernombodet i Utdanningsdirektoratet på e-post: personvernombud@udir.no

Eventuelle klager på Utdanningsdirektoratets behandling av personopplysningar i samband med Elevundersøkinga skal rettast til Datatilsynet. Du finn meir informasjon på nettsidene til Datatilsynet: https://www.datatilsynet.no/om-datatilsynet/kontakt-oss/hvordan-kan-jeg-klage-til-datatilsynet/

Kontaktinformasjon til Utdanningsdirektoratet:

Postadresse: Postboks 9359 Grønland, 0135 OSLO

Telefon: + 47 23 30 12 00

E-post: post@udir.no

Internett: www.udir.no