Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > Elevar fekk prisar

Elevar fekk prisar

Fleire elevar kunne reise heim med prisar etter fylkesmesterskap.

Prisvinnarane Håkon Mæle (frå venstre), Jørgen Betten og Michael Bjørshol saman med rektor Marit Bjerkestrand under markeringa på skulen.

Fylkesmesterskapet for mekaniske fag vart nyleg heldt ved Romsdal videregående skole.

Skulen vår deltok med elevar frå VG2 kjøretøy (forkorta til 2KJ) og VG2 industriteknologi (2PI).

Der gjekk Jørgen Betten frå 2PI heilt til topps, og Håkon Mæle tok tredjeplassen. Dei fekk prøve seg innan manuell maskinering, sveising og industrimekanikarfaget. Gullvinnar Betten deltar seinare på NM i sistnemnde. 

Og ikkje nok med det: Michael Bjørshol frå 2KJ vart tildelt tredjeplass innan sitt fag.

Gratulerer til alle!