Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > Den nye skulekvardagen

Den nye skulekvardagen

Oppfordring til alle elevar ved skulen vår, i desse korona-tider:

Dette er ein heilt ny situasjon for oss alle. Det påverkar heile samfunnet, og kvar enkelt må hjelpe til så godt ein berre kan.

Den digitale skulekvardagen blir no testa i fullt monn, for det skal framleis drivast skule. Vi må alle også bidra til å begrense smitte (risiko for smitte).

Skulen/lærarane har slik sett ei oppfordring til samtlege elevar: 

Det er vesentleg at alle oppviser sjølvdisiplin, og aktivt deltar i heimeskule-opplegget som er laga for å oppretthalde læringstrykket ved skulen.

Spesielt viktig: Unngå samlingar og å møtast på ettermiddags-/kveldstid. Dette for å begrense eventuell smitte(risiko). Sjå også råd som er lagt ut på helsedirektoratet.no!

Få inn gode rutiner, og følg opp arbeidet/planer som lærarane har lagt opp til. Struktur er stikkordet. Kvar enkelt må finne seg ein passande måte å arbeide på. Følg dagsplaner som er laga!

NB: Det arbeidet som blir gjort i desse tider er også ein del av karaktergrunnlaget, som om det hadde vore vanleg/ordinær drift ved skulen.

Intet kjede er sterkare enn det svakaste ledd. Jobb godt, og ta vare på dykk sjølve!