Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > Bibliofile mellom bakkar og berg

Bibliofile mellom bakkar og berg

I stiv kuling og regn opp 418 trappetrinn? Ja, det gjer bibliotekfolk!

Bibliofil, laga av Bibliotek-Systemer, er til opplysning det tekniske systemet som både folkebibliotek og skulebibliotek nyttar.

I år var brukarmøtet på landsbasis lagt til Ålesund, der tilreisande fekk oppleve "eksotisk" vêrbruk.

Det faglege var (som vanleg) nyttig, men dei fleste som såg ut vindauga var nok mest spent på kveldens store happening - å traske opp til byfjellet, 418 trappetrinn, for å innta tapas på Fjellstua. Greit med gode sko!

Nedanfor følgjer nokon bilete (tatt av Marianne Følsvik) som viser litt av opplegget: