Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > Berekraftig mat på (time)planen

Berekraftig mat på (time)planen

Restaurant- og matfag vart torsdag 27. februar (fot)følgt av fagpresse.

Elevar og lærarar kler seg standsmessig før arbeidsdagen startar. (Foto: Marianne Følsvik)

Bakgrunnen er at lærarar/tilsette ved restaurant- og matfag sidan 2018 har vore involvert i eit prosjekt om berekraftig mat, i samarbeid med Matvalget og NORSØK. Det har mellom anna blitt laga eit oppskriftshefte, som blir mykje nytta i undervisninga.

Sjå for øvrig nettsak om prosjektet frå 2018: http://krsund.vgs.no/Kristiansund-VGS/Nyheter/Prosjekt-om-berekraftig-mat

NORSØK og Matvalget ville følge elevar og lærarar gjennom skuledagen, frå start til slutt. Dei to journalistane/fotografane Per Sollerman og Åsmund Seip var "fluger på veggen" heile dagen. Førstnemnde opplyste om at han sjølv har over 30 års erfaring frå bransjen, og derfor visste kor mykje som må fungere på eit kjøkken og ute i restauranten. 

Faglærarane Dina Gaupseth og Iren Knutshaug Grip hadde saman med elevane nok å henge fingrane i både her og der. På kjøkkenet var Christian Solli-Sæther sjefen. 

Dette besøket resulterte i eit aldeles fantastisk 4-rettars måltid; ein fingermat-forrett, to hovedrettar og ein dessert - som imponerte alle inviterte gjestar (deriblant underteikna, som fekk i oppdrag å lage reportasje om at det vart laga ein reportasje). Flott pynta bord/omgjevnadar var det også!

Bilete frå dagen under (alle foto; Marianne Følsvik):