Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > Bakedag, rekruttering og samarbeid

Bakedag, rekruttering og samarbeid

Restaurant- og matfag (RM) har fleire spennande prosjekt på gang.

Dei siste åra har det generelt sett vore ein nedgang i antal søkjarar til restaurant- og matfag. Og det må ein gjere noko med. 

Nyleg besøkte RM-elevar m.a. Frei ungdomsskole i forbindelse med eit samarbeidsprosjekt mellom Kristiansund VGS og Norsøk på Tingvoll.

Prosjektet "Mat med framtid" informerer ungdomsskuleelevar om muligheter som ventar dersom dei søkjer seg inn på restaurant- og matfag. Kortreist, miljø og bærekraftig er viktige stikkord.

Det har også vore bakedag på skulen, der Kjetil Dale Aas frå Baker- og konditorbransjens landsforening var saman med elevar og lærarar (sjå bilete; tatt av Oddbjørn Roksvaag).