Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > 2BU-klassane besøkte kommunen

2BU-klassane besøkte kommunen

Det vart eit positivt møte med Kristiansund kommune for elevane på barne- og ungdomsarbeidarfag.

Begge klassane, 2BU1 og 2BU2, har vore på ekskursjon og foredrag ved rådhuset i Kristiansund.

Der fekk dei mellom anna kunnskap om kommunen si satsing når det gjeld barnehagar og skular. Deretter vart det informasjon og omvising på kommunen sitt nye servicetorg.

Ifølgje faglærar, blei det eit positivt møte med kommunen - som viste stor interesse for å få elevane tilbake til Kristiansund etter endt utdanning.